Monday, November 10, 2014

Matematikkspel til “Matematikkfest” i 2.klasse 11.11.2014

 

Her er ei liste med nokre få matematikkspel du kan prøve deg på – klikk på bileta for å komme til spela.

 


Ball Lines” – strategi.
Flytt ballane så du får fem eller fleire på rad. – Horisontalt, vertikalt eller diagonalt.

 


“Let me grow” – strategi.
Hjelp plantene til å vekse ved å gje dei vatn.

 


“Pile of Balls” – strategi.
Få fire eller fleire ballar av same farge inntil kvarandre – og dei eksploderar.
Bruk piltastane for flytte dei fallande ballane sidelengs – eller rotere dei.

 


“Tower of Hanoi” – strategi.
Flytt tårnet frå den venstre til den høgre pinnen. Du kan fritt flytte brikkene,
men du kan ikkje leggje ei brikke på ei som er mindre.
Klarar du det med meir enn tre brikker?

 


“Clever Frog” – strategi.
Hjelp frosken å hoppe på alle vannliljeblada. Han kan hoppe framover og til sida,
men ikkje diagonalt eller bakover…
Her blir det vanskelegare etterkvart!

 


“Frog Jumping Puzzle” – strategi.
Dei tre grøne froskane skal bytte plass med dei tre gule.
Dei kan hoppe framover til nabosteinen – eller over ein annan frosk.
Klarar du å få alle froskane over til motsett side har du løyst oppgåva.

 


“Fire på rad” – strategi.
Klarar du å få fire på rad – før datamaskinen?

 


“Ballooner” – strategi.
Slepp ballongane laus. Instruksjonane får du undervegs!

 


“Amigo Coyote” – strategi.
Hjelp Amigo Coyote ved å fjerne hindringane så han kan fly avgarde med ballong(ane) sine!

 

“Math Lines 10” – addisjon.
Øv addisjon – tiarvennar – eller vel andre talvenner!
Sjå på talet du har i “kanonen” din – og klikk på talet som saman med dette gjev 10.

 


“Block the Pig” – strategi.
Stopp grisen så han ikkje stikk av!

 


“Pac Man” – strategi.
Spis alle prikkane – og unngå monstra!

 


“Tangram” – former.
Vel figur og bygg han med tangrambrikkane.

 


“2048” – strategi og addisjon. Mest for ungdom og vaksne!
Få to like tal ved sida av kvarandre og legg dei saman.
Bruk piltastane.
Målet er å få 2048!

Cool-Math Games – liste med utruleg mange spel.