Showing posts with label matematikk. Show all posts
Showing posts with label matematikk. Show all posts

Monday, March 11, 2024

Tallinje 0-100

Klikk på skjermbiletet og vel innstillingar, trykk "Done" øvst i høgre hjørne og bruk tallinja!
Du kan bruke ho til addisjon og subtraksjon - eller kva anna du har bruk for! :-D



 

Friday, March 8, 2024

Matematikk: talområdet 0-20

 Oppgåver i talområdet 0-20:


1. Sorter tala i rekkefølge frå 1 til 20: 



2. Koble mengde til rett tal:


3. Sett saman tala som til saman blir 20:



4. Her må du vere kjapp! Her dukkar det opp moldvarpar med rette og gale reknestykke. Du skal klikke på dei som har rette reknestykke!



5. Kombiner engelsk og matematikk. Lytt til stemma og klikk på rett tal! ;-)



Tuesday, April 26, 2022

Finn plassen på tallinja


Vel tallinje, viss du er elev i fjerdeklasse og har vore med på gjennomgang i klassen i dag (26.04.2022) skal du inn på talområdet -500 til +500.

ko

Monday, April 25, 2022

Open tallinje til subtraksjon og addisjon

 


Bruk den opne tallinja til subtraksjon og addisjon.
Øv deg slik at du kjenner deg trygg på korleis du kan bruke tallinja.

Ko

Kva for eit tal er størst?


Her må du samanlikne tallinjene og forsøke å finne ut kva for eit tal som er størst.
På dette skjermbiletet ser du at den øvste tallinja har 250 som måleeining, medan den nedste har 100.
Men kva for eit av dei avmerka tala er det som er størst?

Lykke til!
Ko

Monday, August 23, 2021

Multiplikasjonsprøver som rettar seg sjølv!


Klikk på eit av skjermbileta så kjem du til ei side der du verkeleg kan få øve deg på vesle multiplikasjonstabellen. Skrollar du litt nedover ser du desse skjermbileta:


Når du vel blant desse får du oppgåver kun frå tabellen du vel, mens testane under her gir ein miks av oppgåver innanfor dei oppmerka rutene du ser!

Prøv deg fram, øv - og ikkje gje deg før du kjenner at du meistrer dette godt!

Knut Olav

Wednesday, May 26, 2021

Bli med å teste ut nettsidene til Cappelen Damm

 


Bli med å teste ut nettsidene til forlaget Cappelen Damm.
Du loggar inn med Feide-brukaren din og jobbar med faget/oppgåvene du får beskjed om i klassen.

Knut Olav

Monday, April 26, 2021

Trippel stasjon veke 17

Her er tre ulike oppgåver og du skal jobbe med kvar av dei i 13 minutt:

Det er ei oppgåve i norsk (AskiRaski).
Det er ei oppgåve i rekning (Regneregn).
Og det er ei oppgåve i engelsk (Klokka/preposisjonar).


(Du kan sjølv velje rekkefølgjen). Klikk på skjermbileta for å komme i gang.

Norsk:


Vel nivå 4 Samansette grafem, skroll deg ned og finn "Stum d".
Du kan også jobbe vidare med der du held på å jobbe, eller på 5 Enkel - dobbel konsonant.


Rekning:


Her skal du rekne så mykje du rekk på den tida du har.
Du kan velje oppgåver for ulike trinn.
Du kan velje "lett", "middels" og "vanskeleg".
Og du kan velje "ingen", "middels" eller "rask" spelehastigheit.
Du kan også velje om du skal ha addisjon, subtraksjon eller begge delar.

Det som er viktig er at du finn eit nivå på oppgåvene som er passeleg for deg og at du prøver å hugse dette til neste time slik at du kjem enda fortare i gong då! (Det er dårleg bruk av tida di om du sit med oppgåver som anten er altfor lette eller altfor vanskelege!)



Engelsk:


Klarer du å hjelpe katten over brua? Høyr på klokkesletta og vel rett klokke.
Viss det går veldig greitt (eller ikkje i det heiletatt) kan du velje "Preposition Game" i staden:

Håper du kjenner at du har fått jobba godt i denne økta! :-)
Knut Olav


Wednesday, March 17, 2021

Hit the Button - øv matematikk

 


Her kan du øve på ganske mange ulike matematikkoppgåver.
Du har eit minutt på deg og skal gjere så mange oppgåver du rekk.

Lukke til.

ko

Rocket Rounding - rund av til næraste tiar

 


I dette spelet skal du runde av til næraste tiar (eller hundrar om du vel det).
Lukke til!
Ko

Thursday, February 11, 2021

Multiplikasjonsprøver

 


Klikk på skjermbiletet (eller denne lenken) for å øve 4-gongen.

Som du ser i tabellen til høgre, kan du velje dei andre gongetabellane når du er inne på nettsida.
Lykke til!
ko


Tuesday, November 10, 2020

Klokke, vinklar og brøk - denne klokka kan du bruke til mykje!

 

Denne klokka kan du bruke til  mykje. Du kan stille på visarane og kikke på både tid, vinklar og brøk.

Hugs at vinklar på 90 grader (slik som når visarane viser klokka tre) kallast rette vinklar.
Vinklar mellom 0 og 90 grader kallast spisse og vinklar over 90 grader er stumpe.

Bruk dette i matematikktimane (og elles viss du har bruk for det).

Ko

Sunday, October 18, 2020

Matematikkoppgåver

Her får du ein del matematikkoppgåver du skal jobbe med på Chromebooken.
Du kan også jobbe vidare med oppgåvene heime om du ønsker det!

Trykk på lenkene og jobb deg gjennom oppgåvene!
Bruk tida godt!

1. oppgåve: Addisjon med 4: 

2. oppgåve: Addisjon med 5:

3. oppgåve: Addisjon med valfritt tal:
Du må scrolle lett ned for å finne tala du kan velje mellom

4. oppgåve: Sjå ein video: Adding 3-digit numbers
Videoen er på engelsk, men eg trur du kjem til å forstå ein god del likevel når du ser på tala og kva som skjer når vi legg saman tresifra tal! Klikk på skjermbiletet! :-)

5. oppgåve: Multiplikasjon med 4:
(Merk at det er mange oppgåver nedover på denne sida, så jobb deg ned til botnen!)

6. oppgåve: Multiplikasjon med 5:

7. oppgåve: Multiplikasjon med valfritt tal.
Klikk på lenka, skroll litt nedover og vel kva tal du vil jobbe med i kolonna til høgre på sida, lista ser slik ut:

8. oppgåve: Sjå ein video: Klikk på skjermbiletet! :-)


Håper du har jobba godt!
Helsing KO