Showing posts with label norsk. Show all posts
Showing posts with label norsk. Show all posts

Wednesday, May 26, 2021

Bli med å teste ut nettsidene til Cappelen Damm

 


Bli med å teste ut nettsidene til forlaget Cappelen Damm.
Du loggar inn med Feide-brukaren din og jobbar med faget/oppgåvene du får beskjed om i klassen.

Knut Olav

Monday, April 26, 2021

Trippel stasjon veke 17

Her er tre ulike oppgåver og du skal jobbe med kvar av dei i 13 minutt:

Det er ei oppgåve i norsk (AskiRaski).
Det er ei oppgåve i rekning (Regneregn).
Og det er ei oppgåve i engelsk (Klokka/preposisjonar).


(Du kan sjølv velje rekkefølgjen). Klikk på skjermbileta for å komme i gang.

Norsk:


Vel nivå 4 Samansette grafem, skroll deg ned og finn "Stum d".
Du kan også jobbe vidare med der du held på å jobbe, eller på 5 Enkel - dobbel konsonant.


Rekning:


Her skal du rekne så mykje du rekk på den tida du har.
Du kan velje oppgåver for ulike trinn.
Du kan velje "lett", "middels" og "vanskeleg".
Og du kan velje "ingen", "middels" eller "rask" spelehastigheit.
Du kan også velje om du skal ha addisjon, subtraksjon eller begge delar.

Det som er viktig er at du finn eit nivå på oppgåvene som er passeleg for deg og at du prøver å hugse dette til neste time slik at du kjem enda fortare i gong då! (Det er dårleg bruk av tida di om du sit med oppgåver som anten er altfor lette eller altfor vanskelege!)



Engelsk:


Klarer du å hjelpe katten over brua? Høyr på klokkesletta og vel rett klokke.
Viss det går veldig greitt (eller ikkje i det heiletatt) kan du velje "Preposition Game" i staden:

Håper du kjenner at du har fått jobba godt i denne økta! :-)
Knut Olav


Friday, September 20, 2019

Sunday, May 5, 2019

Billedbokhylla - Nasjonalbiblioteket

Treng du meir å lese? Er biblioteket stengt? Har du lest ut alle bøkene heime?

Nasjonalbiblioteket har samla fleire hundre biletbøker som du kan lese digitalt!


Klikk på biletet og finn ei bok du har lyst til å lese! :-)

Og viss dei vaksne har lyst til å leite etter ei bok dei har hatt lyst til å lese kan dei sjekke om ho kanskje er å finne her: Bokhylla - Nasjonalbiblioteket.

ko

Salto øverom


I Salto Øverom kan du gjere oppgåver til dei ulike bokstavane! :-)

Treng du vanskelegare oppgåver kan du prøve deg på Salto Øverom 2!
(Da klikker du berre på lenka rett over denne setninga!)
ko

Friday, January 4, 2019

ABC- boka - forteljingar og oppgåver på nett

Gyldendal Undervisning har forteljingar og oppgåver til bokstavane på nettet:


Klikk på biletet for å komme til nettstaden. - Der kan du klikke på "Bokstavoppslag" og finne historier og oppgåver til kvar einskild bokstav - eller du kan klikke på "Oppgåver" og komme rett til dei!

Kos deg!
KO

Tuesday, May 30, 2017