Thursday, December 1, 2016

Adventskalender

I år har me valt adventskalender frå Kirkens Nødhjelp. - For å "komme i mål" må me nok opne meir enn ei luke kvar skuledag - men om de vil opne lukene på kalenderen på nettet i helga, kan de klikke på biletet under, eller denne lenken: Kirkens Nødhjelp sin adventskalender.


Ver ein superhelt - ver god mot andre!
ko


Tuesday, November 29, 2016

Word Cloud Art

I dag laga me ein "Word Cloud" til ein av elevane som hadde bursdag.
Det falt særs godt i smak i klassen, og fleire ville gjerne prøve seg heime.
Det kan dei gjere på www.tagul.com
Klikk på lenken eller skjermbiletet under - og kos dykk!

ko


Tuesday, October 4, 2016

Fibonacci Game


Det ligg mange Fibonacci-spel på nettet, klikker du på biletet over kjem du til eit av dei.

Her må du bruke piltastar og flytte brikkene til høgre, venstre, opp eller ned. - Der to tal som følgjer kvarandre i Fibonacci-rekka blir "dytta" i same retning, adderes dei og gir deg neste tal i talrekka.

Til ei lita hjelp kan me nemne at talrekka begynner med 1 - 1 - 2 - 3 - 5 - 8 - 13 - 21 - og neste tal finn du ved å addere dei to siste tala i rekka så langt...

Lukke til!
Knut Olav

10 Monkeys

I tredjeklasse var vi med på ein konkurranse på nettstedet 10 Monkeys.
Det går framleis an å gjere oppgåvene på nettstedet, men berre i ein gratis demoversjon.

Her er lenke til nettstedet om de har lyst til å prøve:


Knut Olav

Tuesday, September 13, 2016

Tuesday, April 5, 2016

GoNoodle!

Me har lenge brukt Røris i klassen - og det er veldig kjekt for å få røre seg litt innimellom.
Me kjem til å halde fram med Røris, men i tillegg har meg begynt å bruke GoNoodle!


Klikk på biletet (eller denne teksten) for å komme til GoNoodle.

GoNoodle er ei gratis nettside med eit utval videoar der me kan lære dansar, øve konsentrasjon, gjere tøyingsøvingar med meir! Einskilde elevar har lyst til å prøve heime - og viss de synest det er greitt å la dei få lov - så sett i gang!

Informasjonsbrev til føresette (på engelsk). Klikk på lenka.

Lukke til!
Knut Olav


Thursday, March 3, 2016

Tre på rad - Tic, tac, toe


Klikk på biletet og spel tre på rad, eller prøv deg på tre på rad på biletet under!
Klikker du på det svarte spelet kan du velje mellom å spele åleine mot datamaskinen, eller du kan spele to personar mot kvarandre. (Klikk på det lille hovudet til høgre på bildet).
For å komme vidare til ny omgang er det berre å trykke på spilleplata.

På det kvite spelebrettet er det ein eigen "knapp" for å spele om att!


Klarer du å slå datamaskinen? Lukke til!
Knut Olav

Termometer - å lese av temperatur - og å finne skilnaden mellom to temperaturar


Hos Topmark kan du øve på å lese av termometer - og å finne skilnaden mellom to ulike temperaturar. Klikk på biletet og vel om du vil ha vertikal eller horisontalt termometer.

Så kan du først ta oppgåvene med å lese av temperaturen før du prøver deg på å finne skilnaden mellom to temperaturar!

Knut Olav

Wednesday, March 2, 2016

Bruk av kartleggingsprøver i skulen


Klipp på skjermbiletet rett over denne teksten, så kjem de til Utdanningsdirektoratet sine sider med informasjon om kartleggingsprøver.

Knut Olav

Thursday, February 25, 2016

Å teikne er å sjå - steg for steg...

For einskilde ser det ut som det å teikne er det naturlegaste i verda - men for mange av oss andre kjennes det ikkje slik når me skal prøve å teikne noko sjølv.
Men det går an å lære - og det går an å lære seg ein del "standardfigurar" - steg for steg.

drawing giraf                          drawing hedgehog

Her er eit par lenker til nettsider ein kan finne inspirasjon:
Og det er mykje fint og inspirerande å finne på nettet!
Vel deg eit dyr (eller to) som du liker - og øv deg på å teikne dei. Fleire gonger, om att og om att. Eksperimenter og varier - så blir du stadig flinkare! :-)

Knut Olav



Wednesday, February 24, 2016

Billedbokhylla - Nasjonalbiblioteket



Nasjonalbiblioteket viser fram skjulte bokskatter!
Klikk på bildet over teksten her, eller på lenkene i teksten under.

Les hva de selv skriver i "Billedbokhylla":

Vi har laget en egen side hvor vi har samlet de elektroniske billedbøkene fra Nasjonalbiblioteket, via vårt biblioteksystem.
Her finner du en liste over billedbøkene vi har samlet så langt, og her kan du selv søke etter forfattere, titler og emner blant disse bøkene
Dessverre er det ikke alle bøkene som har like god billedkvalitet i de digitale versjonene. Vi regner med at de blir forbedret, men mens vi venter, har vi laget en egen liste for de bøkene vi mener har god digital kvalitet.
Nasjonalbiblioteket har kalt sin tjeneste for bokhylla.no. Derfor har vi kalt vårt tilbud for Billedbokhylla.

Det er mange billedbøker som ennå ikke er kommet inn i basen, hverken hos oss eller Nasjonalbiblioteket. Vi vil utvide samlingen vår med jevne mellomrom.
Den vakre logoen vår, iTunesArtwork er laget av Katarina Huemer Fredriksen.

Friday, February 19, 2016

Easy to Read Picture eBooks - free

Først av alt må eg berre seie at her har eg ikkje sett gjennom noko særleg av tilgjengeleg materiell, men det lille eg har sett på ser fint ut!
For de som har lyst til å ha litt meir engelsk å lese ser dette veldig fint ut!

Sjekk det ut, og legg gjerne inn ein kommentar i kommentarfeltet om de finn noko spesielt kjekt!
Klikk på skjermbiletet for å bli sendt vidare til www.clarkness.com


Knut Olav

Monday, January 11, 2016

Koordinatsystemet med Billy Bug, positive tal

Øv på å finne fram i koordinatsystemet - her kun med positive tal!



Klikk på biletet og start spelet!
Koordinata du får (som til dømes (7,3) her på biletet) fortel deg kvar du må plassere Billy Bug før du trykker "Feed" (og gir han mat). Det første av dei to tala finn du på den vannrette aksen, det andre talet på den loddrette aksen. - Billy Bug må altså to ruter til venstre og to ruter ned før han er på rett plass på dette biletet!

Nivå 2: Koordinatsystem med negative og positive tal.Klikk på testen her - eller biletet under - og få nye utfordringar!



Lukke til!
Knut Olav