Friday, March 24, 2017

Spel sudoku



Spel Sudoku!
Klikk på biletet og spel sudoku!

Slik gjer du det: Plasser siffera frå 1 til 9 slik at dei berre står ei gong i kvar rad (vassrett og loddrett) og i kvart av dei ni kvadrata! Det kan vere vanskeleg, så ikkje gje opp med ei gong. Få gjerne ein vaksen med til å hjelpe deg!

Lukke til og god helg! ;-)
ko

Thursday, March 9, 2017

Planetpatruljen

Viss du vil sjå fleire episodar av Planetpatruljen, kan du klikke deg vidare til NRK Super her:


Klikk på biletet og lær med Planetpatruljen!
KO

Båndet - lær meir om søppelsortering

Hjelp skotten med å sortere søppel! Trykk på skjermbiletet for å komme til spelet.


Viss du ikkje får opna spelet i Chrome kan du prøve i Internet Explorer.
Lukke til!
Ko

Tuesday, March 7, 2017

Phrase maker - lag setningar på engelsk - litt vanskelegare!


Vel kategori og set saman orda til setningar!
Ko

Fast phrases - lag setningar!

Lag setningar på engelsk!
Ikkje så vanskeleg som du kanskje trur! - Prøv det ut, kanskje du synest det er gøy!

Klikk på skjermbiletet og kom i gang!

Leik og lær!
Ko

Fast English


Vel "Fast" eller "Slow" (kan jo vere lurt å velje "slow" første gonga) - vel kategori, les orda, og klikk på rett bilete!

Lukke til!
Helsing Knut Olav

Multiplikasjon - øv deg på tabellane!

Klikk på skjermbiletet og vel kva av for ein av tabellane du vil teste deg på!
Lukke til!
Knut Olav

Gongeprøve

Test deg sjølv med ei online gongeprøve! Kan du multiplikasjonstabellane?
Klikk på skjermbiletet og sjekk sjølv!


Lykke til!
Helsing Knut Olav

Leik med toner

På denne nettsida kan du eksperimentere med noter og pauser.
I første omgang jobber du med helnoter, halvnoter og fjerdedelsnoter, men etterkvart kan du klikke deg over på "Advanced" og bruke åttendelsnoter og punkteringar i tillegg!

Klikk på skjermbiletet for å komme til nettsida!


Kos deg! :-)
Ko

Monday, March 6, 2017

Hjelp Sammy å få på plass flaskene i butikken! (Koordinatsystemet)


Sammy har berre to minutt på seg til å få flaskene på plass i butikken! Hjelp han og få plassert flest mogleg! Klarer du 20 i løpet av 2 minutt kan han opne butikken i tide! :-)

Ko

Locate an Alien - øv deg på koordinatsystemet!


Finn romvesena, så mange som mogleg. Du har 90 sekund på deg! :-)
Klikk på biletet og sett i gang!
KO