Wednesday, December 30, 2020

English Singsing Video: Good Morning + More Kids Dialogues, 35+ minutes

 


Click on the screenshot and watch the cartoon. Read and repeat - you'll understand more than you think!
ko

English Singsing Video: Speaking Cartoon, easy conversation, 40+ minutes

 


Click on the screenshot and watch the cartoon. Read and repeat - you'll understand more than you think!
ko

Tuesday, November 10, 2020

Klokke, vinklar og brøk - denne klokka kan du bruke til mykje!

 

Denne klokka kan du bruke til  mykje. Du kan stille på visarane og kikke på både tid, vinklar og brøk.

Hugs at vinklar på 90 grader (slik som når visarane viser klokka tre) kallast rette vinklar.
Vinklar mellom 0 og 90 grader kallast spisse og vinklar over 90 grader er stumpe.

Bruk dette i matematikktimane (og elles viss du har bruk for det).

Ko

Monday, October 26, 2020

Addisjon med fleirsifra tal.

 

Her har eg berre lagt inn eit skjermbilete av ei side du kan bruke når du skal øve på addisjon av fleirsifra tal. - Du kan velje to, tre eller fire siffer, og du kan bruke tala i kolonna til venstre for å rekne ut verdien.
Når du har funne verdien skriv du han inn i ruta der det står "Result" og trykker OK.

Lykke til!
KO

Tuesday, October 20, 2020

100 most common words - video - listen and repeat

 

Listen and repeat.
Lytt og gjenta.
Her får du øvd på 100 av dei mest vanlege orda på engelsk!
KO

SlideShare - 100 most common words

 


Practise reading the 100 most common words!

ko

The 100 most common words in English

 

Biletet er henta frå Pinterest, det ligg lenke i biletet til sida det er henta frå.

Dette er ei liste over hundre av dei  mest brukte orda på engelsk. - Ein kan finne andre lister som er litt forskjellige, men dei aller, aller fleste orda er dei same!
Det kan vere lurt å lære seg å lese og skrive desse orda!

Einskilde hevdar at desse orda er så mykje brukt at dei utgjer halvparten av vanlege tekstar på engelsk!

Viss du vil kikke på dei tusen mest brukte orda kan du klikke på denne lenka! :-)

KO


English video exercises by Mark

Desse videoane kan du sjå fleire gonger.
Ver med og gjenta setningane og svar på spørsmåla!
Her får du gode moglegheiter til å øve deg på å snakke engelsk!
Klikk på lenka eller på skjermbiletet, så er du i gong!

Lykke til! ;-)
KO 

Video #1: Self-Introductions.



Video #2: Introduce Yourself.




Video #3: Pronouns: You and I.



Video #4: I am.


Video #5: I have



Video #6: I need.


 

Video #7: Could I - could you?

Sunday, October 18, 2020

Matematikkoppgåver

Her får du ein del matematikkoppgåver du skal jobbe med på Chromebooken.
Du kan også jobbe vidare med oppgåvene heime om du ønsker det!

Trykk på lenkene og jobb deg gjennom oppgåvene!
Bruk tida godt!

1. oppgåve: Addisjon med 4: 

2. oppgåve: Addisjon med 5:

3. oppgåve: Addisjon med valfritt tal:
Du må scrolle lett ned for å finne tala du kan velje mellom

4. oppgåve: Sjå ein video: Adding 3-digit numbers
Videoen er på engelsk, men eg trur du kjem til å forstå ein god del likevel når du ser på tala og kva som skjer når vi legg saman tresifra tal! Klikk på skjermbiletet! :-)

5. oppgåve: Multiplikasjon med 4:
(Merk at det er mange oppgåver nedover på denne sida, så jobb deg ned til botnen!)

6. oppgåve: Multiplikasjon med 5:

7. oppgåve: Multiplikasjon med valfritt tal.
Klikk på lenka, skroll litt nedover og vel kva tal du vil jobbe med i kolonna til høgre på sida, lista ser slik ut:

8. oppgåve: Sjå ein video: Klikk på skjermbiletet! :-)


Håper du har jobba godt!
Helsing KO



Sunday, October 11, 2020

Joe's Multiplication Visualizer

 


Joe's Multiplication Visualizer er ein slags kalkulator som viser deg korleis multiplikasjonen du gjer ser ut (eller kan se ut!) Som regel er det jo ikkje rader og kolonner med kvadrat vi multipliserer, men bruk denne ressursen til å jobbe med systemet! :-)
Lykke til!

Knut Olav

Sunday, May 24, 2020

Addisjonsoppgåver som rettast automatisk

Vel om du vil ha oppgåver med 1 meir, 2 meir, 3 meir osv.
Skriv fornamnet ditt, eller berre ein bokstav der det står Your Name.
Når du har gjort det trykker du på det grøne rektangelet der det står "Start Self Correcting Quiz Now".

Det er lurt at du prøver deg på fleire av oppgåvene og at du øver til det går ganske godt "av seg sjølv"! :-)
Lykke til!
KO

Monday, May 11, 2020

Geometrisk mønster/mosaikk

Her kan du eksperimentere og lage eit geometrisk mønster eller ei teikning som er spegelsymmetrisk!
ko

Symmetri - sortering


I dette spelet skal du sortere figurene og dei som er symmetriske om den svarte streken skal i boksen til venstre "Symmetrical" og dei som ikkje er symmetriske om den svarte streken skal i boksen til høgre "Not Symmetrical".

ko

Spegelsymmetri


Bilete, former og mønster: Finn delen av biletet som manglar slik at biletet blir symmetrisk om linja i midten!
ko

Symmetry Artist



Sunday, March 15, 2020

Multiplikasjon: 4-gongen


Viss du klikkar på biletet over, kjem du til ei nettside der du kan øve på 4-gongen.
Her er det mange fine oppgåver, men det du må passe på er at du scrollar deg nedover sida.

Først får du 4-gongen i rekkefølge og skal fylle inn svara.
Så må du knytt saman produkt og verdi.
Deretter kjem multiplikasjonsstykka "hulter til bulter".
Til sist kjem ei oppgåve der du les produktet og må velje rett verdi!

Under her kjem små skjermbilete av resten av nettsida:

            

            

Lykke til!
Øv på 4-gongen og lær utanat!

Knut Olav









Thursday, January 23, 2020

Utforske geometriske figurar

Du skal bruke eit program som heiter GeoGebra.
I GeoGebra kan du teikne og undersøke geometriske figurar.
I starten kan det vere du synest det er vanskeleg, men etterkvart vil du oppdage at du finn ut av det!
Og du skal få hjelp! :-)

Før du begynner skal du sørge for at skjermbiletet ditt ser ut slik som bildet under teksten her!
Viss du ikkje har ruter klikkar du på den lille "stjerna" oppe til høgre og "hukkar av" for:

1) Vis rutenett, 2) Hoved- og underrutenett.

Viss du ikkje ser feltet til venstre, men berre har ei blå stripe, klikkar du på den lille kvite pila nedst på stripa, så opnar feltet seg.

Så er du klar til å begynne.

Det første du kan gjere er å velje:

"Nytt punkt": Merk av nokre punkt i rutenettet.
"Linjestykke mellom to punkt": lag linjestykke mellom punkta.

Kva for nokre geometriske figurar klarer du å lage?

Sjå idear under biletet viss du treng tips! ;-)



Prøv å lage:
Trekantar:
- rettvinkla trekant
- likebeint trekant
- likesida trekant

Firkantar:
- kvadrat
- rektangel
- rombe
- parallellogram
- trapes
- drake

Mangekantar:
- femkant
- sekskant
- sjukant

Ein annan ting du kan prøve på er å lage ein trekant eller firkant og trekke i ei av sidene og se kva som skjer! - Og kva skjer om du prøver å trekke i eine  hjørnet! - Prøv deg fram, eksperimenter, og spør viss du er usikker eller står fast!

Lykke til!
Knut Olav