Monday, April 26, 2021

Trippel stasjon veke 17

Her er tre ulike oppgåver og du skal jobbe med kvar av dei i 13 minutt:

Det er ei oppgåve i norsk (AskiRaski).
Det er ei oppgåve i rekning (Regneregn).
Og det er ei oppgåve i engelsk (Klokka/preposisjonar).


(Du kan sjølv velje rekkefølgjen). Klikk på skjermbileta for å komme i gang.

Norsk:


Vel nivå 4 Samansette grafem, skroll deg ned og finn "Stum d".
Du kan også jobbe vidare med der du held på å jobbe, eller på 5 Enkel - dobbel konsonant.


Rekning:


Her skal du rekne så mykje du rekk på den tida du har.
Du kan velje oppgåver for ulike trinn.
Du kan velje "lett", "middels" og "vanskeleg".
Og du kan velje "ingen", "middels" eller "rask" spelehastigheit.
Du kan også velje om du skal ha addisjon, subtraksjon eller begge delar.

Det som er viktig er at du finn eit nivå på oppgåvene som er passeleg for deg og at du prøver å hugse dette til neste time slik at du kjem enda fortare i gong då! (Det er dårleg bruk av tida di om du sit med oppgåver som anten er altfor lette eller altfor vanskelege!)



Engelsk:


Klarer du å hjelpe katten over brua? Høyr på klokkesletta og vel rett klokke.
Viss det går veldig greitt (eller ikkje i det heiletatt) kan du velje "Preposition Game" i staden:

Håper du kjenner at du har fått jobba godt i denne økta! :-)
Knut Olav