Me har lenge brukt Røris i klassen - og det er veldig kjekt for å få røre seg litt innimellom.
Me kjem til å halde fram med Røris, men i tillegg har meg begynt å bruke GoNoodle!
Klikk på biletet (eller denne teksten) for å komme til GoNoodle.
GoNoodle er ei gratis nettside med eit utval videoar der me kan lære dansar, øve konsentrasjon, gjere tøyingsøvingar med meir! Einskilde elevar har lyst til å prøve heime - og viss de synest det er greitt å la dei få lov - så sett i gang!
Informasjonsbrev til føresette (på engelsk). Klikk på lenka.
Lukke til!
Knut Olav
Tuesday, April 5, 2016
Thursday, March 3, 2016
Tre på rad - Tic, tac, toe
Klikk på biletet og spel tre på rad, eller prøv deg på tre på rad på biletet under!
Klikker du på det svarte spelet kan du velje mellom å spele åleine mot datamaskinen, eller du kan spele to personar mot kvarandre. (Klikk på det lille hovudet til høgre på bildet).
For å komme vidare til ny omgang er det berre å trykke på spilleplata.
På det kvite spelebrettet er det ein eigen "knapp" for å spele om att!
Klarer du å slå datamaskinen? Lukke til!
Knut OlavTermometer - å lese av temperatur - og å finne skilnaden mellom to temperaturar
Hos Topmark kan du øve på å lese av termometer - og å finne skilnaden mellom to ulike temperaturar. Klikk på biletet og vel om du vil ha vertikal eller horisontalt termometer.
Så kan du først ta oppgåvene med å lese av temperaturen før du prøver deg på å finne skilnaden mellom to temperaturar!
Knut Olav
Knut Olav
Wednesday, March 2, 2016
Bruk av kartleggingsprøver i skulen
Klipp på skjermbiletet rett over denne teksten, så kjem de til Utdanningsdirektoratet sine sider med informasjon om kartleggingsprøver.
Knut Olav
Thursday, February 25, 2016
Å teikne er å sjå - steg for steg...
For einskilde ser det ut som det å teikne er det naturlegaste i verda - men for mange av oss andre kjennes det ikkje slik når me skal prøve å teikne noko sjølv.
Men det går an å lære - og det går an å lære seg ein del "standardfigurar" - steg for steg.
Men det går an å lære - og det går an å lære seg ein del "standardfigurar" - steg for steg.
Her er eit par lenker til nettsider ein kan finne inspirasjon:
2. Pinterest
Og det er mykje fint og inspirerande å finne på nettet!
Vel deg eit dyr (eller to) som du liker - og øv deg på å teikne dei. Fleire gonger, om att og om att. Eksperimenter og varier - så blir du stadig flinkare! :-)
Knut Olav
Knut Olav
Wednesday, February 24, 2016
Billedbokhylla - Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket viser fram skjulte bokskatter!
Klikk på bildet over teksten her, eller på lenkene i teksten under.
Les hva de selv skriver i "Billedbokhylla":
Vi har laget en egen side hvor vi har samlet de elektroniske billedbøkene fra Nasjonalbiblioteket, via vårt biblioteksystem.
Her finner du en liste over billedbøkene vi har samlet så langt, og her kan du selv søke etter forfattere, titler og emner blant disse bøkene
Her finner du en liste over billedbøkene vi har samlet så langt, og her kan du selv søke etter forfattere, titler og emner blant disse bøkene
Dessverre er det ikke alle bøkene som har like god billedkvalitet i de digitale versjonene. Vi regner med at de blir forbedret, men mens vi venter, har vi laget en egen liste for de bøkene vi mener har god digital kvalitet.
Nasjonalbiblioteket har kalt sin tjeneste for bokhylla.no. Derfor har vi kalt vårt tilbud for Billedbokhylla.
Nasjonalbiblioteket har kalt sin tjeneste for bokhylla.no. Derfor har vi kalt vårt tilbud for Billedbokhylla.
Det er mange billedbøker som ennå ikke er kommet inn i basen, hverken hos oss eller Nasjonalbiblioteket. Vi vil utvide samlingen vår med jevne mellomrom.
Friday, February 19, 2016
Easy to Read Picture eBooks - free
Først av alt må eg berre seie at her har eg ikkje sett gjennom noko særleg av tilgjengeleg materiell, men det lille eg har sett på ser fint ut!
For de som har lyst til å ha litt meir engelsk å lese ser dette veldig fint ut!
For de som har lyst til å ha litt meir engelsk å lese ser dette veldig fint ut!
Sjekk det ut, og legg gjerne inn ein kommentar i kommentarfeltet om de finn noko spesielt kjekt!
Klikk på skjermbiletet for å bli sendt vidare til www.clarkness.com
Klikk på skjermbiletet for å bli sendt vidare til www.clarkness.com
Knut Olav
Subscribe to:
Comments (Atom)






