Sunday, October 11, 2020

Joe's Multiplication Visualizer

 


Joe's Multiplication Visualizer er ein slags kalkulator som viser deg korleis multiplikasjonen du gjer ser ut (eller kan se ut!) Som regel er det jo ikkje rader og kolonner med kvadrat vi multipliserer, men bruk denne ressursen til å jobbe med systemet! :-)
Lykke til!

Knut Olav

Sunday, May 24, 2020

Addisjonsoppgåver som rettast automatisk

Vel om du vil ha oppgåver med 1 meir, 2 meir, 3 meir osv.
Skriv fornamnet ditt, eller berre ein bokstav der det står Your Name.
Når du har gjort det trykker du på det grøne rektangelet der det står "Start Self Correcting Quiz Now".

Det er lurt at du prøver deg på fleire av oppgåvene og at du øver til det går ganske godt "av seg sjølv"! :-)
Lykke til!
KO

Monday, May 11, 2020

Geometrisk mønster/mosaikk

Her kan du eksperimentere og lage eit geometrisk mønster eller ei teikning som er spegelsymmetrisk!
ko

Symmetri - sortering


I dette spelet skal du sortere figurene og dei som er symmetriske om den svarte streken skal i boksen til venstre "Symmetrical" og dei som ikkje er symmetriske om den svarte streken skal i boksen til høgre "Not Symmetrical".

ko

Spegelsymmetri


Bilete, former og mønster: Finn delen av biletet som manglar slik at biletet blir symmetrisk om linja i midten!
ko

Symmetry Artist



Sunday, March 15, 2020

Multiplikasjon: 4-gongen


Viss du klikkar på biletet over, kjem du til ei nettside der du kan øve på 4-gongen.
Her er det mange fine oppgåver, men det du må passe på er at du scrollar deg nedover sida.

Først får du 4-gongen i rekkefølge og skal fylle inn svara.
Så må du knytt saman produkt og verdi.
Deretter kjem multiplikasjonsstykka "hulter til bulter".
Til sist kjem ei oppgåve der du les produktet og må velje rett verdi!

Under her kjem små skjermbilete av resten av nettsida:

            

            

Lykke til!
Øv på 4-gongen og lær utanat!

Knut Olav