Tuesday, November 6, 2018

Games to learn English


Klikk på biletet - og på det nedste rektangelet for å øve på orda! :-)

Wednesday, October 24, 2018

Tetromino - puslespel


Dette er puslespel med tetromino-brikkar. - Prøv å fylle heile det lyse feltet med brikkar - utan at det blir nokre mellomrom mellom dei!

Lykke til!
Knut O.

Monday, October 22, 2018

Spel Tetris - og litt om Tetromino - brikkar til eit matematisk puslespel.

Tetromino er eit matematisk puslespel.
Det består av 5 ulike brikker der kvar brikke er sett saman av fire like kvadrat.

https://en.wikipedia.org/wiki/Tetromino
Dei fleste kjenner nok tetromino best i form av spelet Tetris, som kjem i ei mengd ulike utgåver.
Her er to av dei:



Klikk på biletet for å spele denne versjonen av Tetris.



Klikk på dette biletet for å spele denne varianten av Tetris.


Felles for begge spela er at du bruker piltastane for å flytte brikkene til høgre eller venstre.
Piltast "opp" brukast for å snu på brikkane. Piltast "ned" for å sleppe dei heilt ned viss du ser dei er på rett plass og ikkje har tolmod nok til å vente på at dei dett ned av seg sjølv!

Lukke til!
Helsing Knut Olav


Kjelder:
I tillegg til sjølve spela: Wikipedia
















Wednesday, October 3, 2018

Førsteklasse 2018 - AskiRaski


Førsteklasse - matematikkspel med tal og mengde




Tel kor mange - og klikk på rett tal!


Set strek mellom tal og figurar slik at det blir rett tal til rett figur!




Øv på engelsk og teljing samstundes! - Høyr og sjå instruksjonane og finn og tel dyra!


Desse oppgåvene kan du jobbe med på Chromebooken på skulen - eller på pc heime!
Lykke til!
Knut Olav



Friday, October 6, 2017

Plassverdisystemet - tusenarar - hundrarar - tiarar og einarar

Her kan du øve på plassverdisystemet! Vel nivå på første sida, og ikkje gi deg før du får til oppgåvene!


Her kan du sjå eit døme på korleis det ser ut når du held på med oppgåvene:


Her ser du korleis du byggar opp talet 352 ved hundrarar, tiarar og einarar! Dette får du ganske sikkert til!
Lykke til!
ko

Tuesday, September 26, 2017

Balloon Pop Subtraction (2. klasse)

I dette spelet skal du løyse oppgåvene ved å la bia "poffe" ballongane så det står rett tal att!


Sjå på dømet her: Det er fire ballongar og to skal vekk! Kor mange ballongar blir det att då?
"Poff" rett tal ballongar og sjekk svaret! :-)

ko