Tuesday, November 10, 2020

Klokke, vinklar og brøk - denne klokka kan du bruke til mykje!

 

Denne klokka kan du bruke til  mykje. Du kan stille på visarane og kikke på både tid, vinklar og brøk.

Hugs at vinklar på 90 grader (slik som når visarane viser klokka tre) kallast rette vinklar.
Vinklar mellom 0 og 90 grader kallast spisse og vinklar over 90 grader er stumpe.

Bruk dette i matematikktimane (og elles viss du har bruk for det).

Ko

Monday, October 26, 2020

Addisjon med fleirsifra tal.

 

Her har eg berre lagt inn eit skjermbilete av ei side du kan bruke når du skal øve på addisjon av fleirsifra tal. - Du kan velje to, tre eller fire siffer, og du kan bruke tala i kolonna til venstre for å rekne ut verdien.
Når du har funne verdien skriv du han inn i ruta der det står "Result" og trykker OK.

Lykke til!
KO