Sunday, June 7, 2015

Ei lita innføring i korleis kome i gang med Khan Academy

Dette blogginnlegget er først og fremst til dei føresette i klassen min, men kan muligens vere nyttig for andre vaksne og.

Her kjem ein liten instruksjon for å kome i gang med Khan Academy. - Eg vil anbefale alle føresette å opprette foreldrekonto for å følgje med - men IKKJE legg til barnet ditt! (Viss du har gjeve meg beskjed om at de vil vere med å teste dette ut har eg alt laga brukarnamn og passord til barnet ditt).
Er du inne på foreldrekontoen må du logge av før barnet ditt får logge seg på.

Når de har latt eleven logge seg på Khan Academy med sitt brukarnamn og passord som dei har fått av meg, får de opp eit skjermbilete som liknar dette:


Klikk på Matematikk, "Grunnleggende matematikk". - Og de kjem til eit skjermbilete som ser omtrent slik ut:


Da kan de klikke på "Mestringsutfordring" og så er de i gang, eller de kan klikke på lenka ganske høgt oppe til høgre i skjermbiletet der det står "Se hele listen av Grunnleggende matematikk innhold".


Gjer de det kjem dette biletet opp, og de får ei lang liste over ferdigheiter i matematikk.
Klikk på "Å telle"...




Og nå kjem strukturen tydelegare fram: Her er emnet "Å telle" delt opp i delemne, og menyen de ser til høgre i skjermbiletet går steg for steg frå enkelt til vanskelegare. Nokre av punkta er videoar, andre er oppgåver. Sjå videoar, gjer oppgåver, få poeng - eller finn ut at dette er for enkelt - og scroll dykk vidare til meir utfordrande oppgåver. Kan hende de må gå tilbake eit hakk eller to for så å finne passe nivå! - Me skal undersøkje og under oss, lære og kjenne på frustrasjon, men når me kjenner at me begynner å finne ut av det - og me finn rett nivå for kvar einskild elev. - Ja, da kan me faktisk få brukt pc-ane i klasserommet mykje meir (og betre) enn det me har gjort så langt!


Her er eit døme på ein av videoane som ligg inne på sida.

Viss me gjer ein innsats i lag for å hjelpe kvarandre blir dette veldig bra!
Send meg spørsmål viss det er noko de ikkje finn ut av, eg har lært masse av spørsmåla eg har fått så langt.

Knut Olav

No comments:

Post a Comment