Friday, October 6, 2017

Plassverdisystemet - tusenarar - hundrarar - tiarar og einarar

Her kan du øve på plassverdisystemet! Vel nivå på første sida, og ikkje gi deg før du får til oppgåvene!


Her kan du sjå eit døme på korleis det ser ut når du held på med oppgåvene:


Her ser du korleis du byggar opp talet 352 ved hundrarar, tiarar og einarar! Dette får du ganske sikkert til!
Lykke til!
ko

Tuesday, September 26, 2017

Balloon Pop Subtraction (2. klasse)

I dette spelet skal du løyse oppgåvene ved å la bia "poffe" ballongane så det står rett tal att!


Sjå på dømet her: Det er fire ballongar og to skal vekk! Kor mange ballongar blir det att då?
"Poff" rett tal ballongar og sjekk svaret! :-)

ko

Ducky Race Subtraction (2. klasse)


Klikk på skjermbiletet for å komme til spelet.

Svar rett på regnestykkene og prøv å vinne kappløpet!

ko

Sunday, September 24, 2017

Fruit Splat Division

På dette spelet kan du øve divisjon. Du vel talområde og hastighet, og om vil gjere ti oppgåver i eiget tempo - eller på tid! Vala gjer du på første sida, men om du vil endre kan du gå til forsida og gjere nye val!



Slik ser spelet ut når du er i gong: Her er oppgåva 25:5, og du må sikte på og treffe rett svar!
Lykke til!
Knut O





Tuesday, September 5, 2017

Factor Pair Up - hjernetrim med multiplikasjon

Klikk deg inn på spelet (via eit av bileta), vel motstandar (computer eller ein annan person), vel storleik på brettet og figur. - Prøv å få tre eller fire på rad før motstandaren din!

Her må du tenke deg godt om!
Lykke til! Knut Olav



Adventure Tom - ein liten smak på programmering


På dette spelet må du prøve deg på enkel programmering. Ikkje gje opp sjølv om det kan vere litt vanskeleg i starten! Du må rekne med at du må gjere nokre av bretta fleire gonger før du får det til!
Klikk på skjermbiletet og prøv deg fram.

Du skal berre hjelpe Tom å få tak i nøkkelen og komme seg til utgangen!
Det høyrest enkelt ut...

Lykke til! :-)
Knut Olav

Learn English - Games for students


Klikk på skjermbiletet og undersøk dei ulike spela på Games to learn English!
Knut Olav

Friday, August 18, 2017

Matematikkspel hausten 2017

Her er ei oversikt over matematikkspel me kjem til å bruke hausten 2017:

1. Finn tallet:



2. Ordne tal i rekkefølge:



3. Ordne tal i rekkefølge:



4. Tiarar og einarar:



5. Tiarar og einarar:



6. Produkt, areal, logikk:



7. Cross the swamp.
Addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon.



8. Koordinatsystemet
Hjelp Sammy å setje flaskene på plass!



9. Multiplikasjon.
Redd verden med multiplikasjon!



10. Finn tallmønster og opne safen!



11. Øv på tiarvener - eller andre talvener:



Her har me litt å bryne oss på!
Og det er ikkje umogleg at det kjem andre spel etter kvart!

Knut Olav

Wednesday, May 31, 2017

Vis at du kan tala frå 1 til 200!


Les alle instruksjonane før du gjer nokon av dei:

1. Klikk på biletet over, eg har lagt ei lenke i biletet.
2. Klikk Play. Da kjem du til eit skjermbilete som ser slik ut:



3. Ganske høgt på sida ser du eit langt grønt rektangel der det står "Enter a play code:"
Der skal du skrive inn følgjande kode:



4. Når du er ferdig med å lese dette punktet kan du følgje instruksjonane, spelet vil opne seg i ei ny fane, og du kan klikke fram og tilbake mellom fanene for å få skrive rett kode! Lukke til!

Knut Olav

Drag and Drop Math

På Drag and Drop Math kan du rekne ut oppgåver i dei fire grunnleggjande rekneartane på skjermen.
Eg trur ikkje me skal la det erstatte å gjere det med blyant og papir, men det kan vere kjekt som ein variasjon!
Me i fjerdeklasse treng å øve godt på addisjon og subtraksjon.
På denne nettsida gjer dei multiplikasjon og divisjon på ein annan måte enn oss - du har lov til å prøve deg å finne ut av det, men du treng ikkje! :-)

Leik og lær!
KO

Tuesday, May 30, 2017

Udir sine eksempeloppgåver og tidlegare nasjonale prøver - engelsk


Prøv deg på eksempeloppgåvene i engelsk!
ko

Udir sine eksempeloppgåver - tidlegare nasjonale prøver i rekning




Klikk på eit av skjermbileta og prøv deg på tidlegare oppgåver!
Ko

Frigitte oppgåver i matematikk - 4. trinn


TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) måler elevenes kompetanse i matematikk og naturfag på 4./5. og 8./9. trinn.
TIMSS Advanced måler elevers kompetanse i matematikk og fysikk det siste året i videregående skole.

Frigitte oppgåver i matematikk for 4. trinn. Henta frå Universitetet i Oslo, institutt for lærerutdanning og skoleforsking.

ko

Eksempeloppgåve lesing 5. klasse



Øv deg på nasjonal prøve i lesing for 5. trinn!
KO

Friday, March 24, 2017

Spel sudoku



Spel Sudoku!
Klikk på biletet og spel sudoku!

Slik gjer du det: Plasser siffera frå 1 til 9 slik at dei berre står ei gong i kvar rad (vassrett og loddrett) og i kvart av dei ni kvadrata! Det kan vere vanskeleg, så ikkje gje opp med ei gong. Få gjerne ein vaksen med til å hjelpe deg!

Lukke til og god helg! ;-)
ko

Thursday, March 9, 2017

Planetpatruljen

Viss du vil sjå fleire episodar av Planetpatruljen, kan du klikke deg vidare til NRK Super her:


Klikk på biletet og lær med Planetpatruljen!
KO

Båndet - lær meir om søppelsortering

Hjelp skotten med å sortere søppel! Trykk på skjermbiletet for å komme til spelet.


Viss du ikkje får opna spelet i Chrome kan du prøve i Internet Explorer.
Lukke til!
Ko

Tuesday, March 7, 2017

Phrase maker - lag setningar på engelsk - litt vanskelegare!


Vel kategori og set saman orda til setningar!
Ko

Fast phrases - lag setningar!

Lag setningar på engelsk!
Ikkje så vanskeleg som du kanskje trur! - Prøv det ut, kanskje du synest det er gøy!

Klikk på skjermbiletet og kom i gang!

Leik og lær!
Ko

Fast English


Vel "Fast" eller "Slow" (kan jo vere lurt å velje "slow" første gonga) - vel kategori, les orda, og klikk på rett bilete!

Lukke til!
Helsing Knut Olav

Multiplikasjon - øv deg på tabellane!

Klikk på skjermbiletet og vel kva av for ein av tabellane du vil teste deg på!
Lukke til!
Knut Olav

Gongeprøve

Test deg sjølv med ei online gongeprøve! Kan du multiplikasjonstabellane?
Klikk på skjermbiletet og sjekk sjølv!


Lykke til!
Helsing Knut Olav

Leik med toner

På denne nettsida kan du eksperimentere med noter og pauser.
I første omgang jobber du med helnoter, halvnoter og fjerdedelsnoter, men etterkvart kan du klikke deg over på "Advanced" og bruke åttendelsnoter og punkteringar i tillegg!

Klikk på skjermbiletet for å komme til nettsida!


Kos deg! :-)
Ko

Monday, March 6, 2017

Hjelp Sammy å få på plass flaskene i butikken! (Koordinatsystemet)


Sammy har berre to minutt på seg til å få flaskene på plass i butikken! Hjelp han og få plassert flest mogleg! Klarer du 20 i løpet av 2 minutt kan han opne butikken i tide! :-)

Ko

Locate an Alien - øv deg på koordinatsystemet!


Finn romvesena, så mange som mogleg. Du har 90 sekund på deg! :-)
Klikk på biletet og sett i gang!
KO

Friday, February 24, 2017

Is - "is" eller "iz" - eller noko midt i mellom?

Stemt -s i "is"!
Ikkje alle oss vaksne som hadde lærarar som var like nøye på dette, men no får me passe på at ungane våre lærer seg det rett! ;-)
Klikk på skjermbiletet og høyr britisk og amerikansk uttale om du er i tvil!

Knut Olav

Snowball multiplication

Klikk på skjermbiletet på skjermen - eller lenka her: http://www.multiplication.com/games/play/snowball-fight

Trykk "Play", vel gongetabell og start snøballkrigen!
Lukke til!
Knut Olav

Friday, February 17, 2017

Meir mat: Scones

No er det ikkje meininga å gjere Skolesaker til ein matblogg, men me har altså vore på skulekjøkkenet igjen, og denne gonga laga me scones ("skåns" - eller "skåons", klikk lenka om du er over gjennomsnittet interessert i språk).


Her er eit bilete av det ferdige resultatet på skulekjøkkenet, klikk på biletet (som og er ei lenke til opplysningskontoret for brød og korn) - der finn du oppskrifta til å lage "skåns" - eller "skåons" om du vil! ;-)

Så no er det berre å sleppe fjerdeklassingane til på kjøkkenet, sette seg  tilbake, og få deilig, nybakt til frukost - eller lunsj! God apetitt! :-)

Knut Olav

Friday, February 10, 2017

Bidos @ MatPrat


Fredag 10. februar avslutta me prosjektet om samane og samefolkets dag (som var måndag denne veka). Frå morgonen av køyrde me generalprøve på framsyninga, klokka ti hadde me framsyning for småskulen og dei føresette som hadde høve til å møte opp - og så avslutta me dagen med å lage festmiddag med bidos og grove rundstykke.

Oppskriften på bidos finn de ved å klikke på biletet, rundstykka kan de enkelt lage slik:
Bland 15-16 dl kaldt vatn, 5 gram gjær, 1 ss salt, 5 dl kruskakli, 5 dl diverse grovt mel - og fyll på med fint mel til deigen ikkje lenger er altfor klissete! La heve halve dagen, bak ut, la etterheve og steik på 250 grader til dei er ferdige! Det blir akkurat nok til ein skuleklasse på ca 20 elevar (viss dei har anna å ete ved sida av!)
Det blei ikkje mykje til rest for å seie det slik...

God helg! ;-)
Knut Olav

Tuesday, January 24, 2017

Måle vinklar med gradskive

Her finn du ein del informasjon om vinklar - og du kan øve på å bruke gradskiva og måle vinklar!


Klikk på skjermbiletet og sett i gang! :-)
Lukke til!
Knut Olav

Monday, January 23, 2017

Angle Kung Fu

Berekn vinklane og bli ein Angle Kung Fu meister!
Klikk på biletet og sett i gang!


Lukke til! :-)
Knut Olav