Friday, February 10, 2017

Bidos @ MatPrat


Fredag 10. februar avslutta me prosjektet om samane og samefolkets dag (som var måndag denne veka). Frå morgonen av køyrde me generalprøve på framsyninga, klokka ti hadde me framsyning for småskulen og dei føresette som hadde høve til å møte opp - og så avslutta me dagen med å lage festmiddag med bidos og grove rundstykke.

Oppskriften på bidos finn de ved å klikke på biletet, rundstykka kan de enkelt lage slik:
Bland 15-16 dl kaldt vatn, 5 gram gjær, 1 ss salt, 5 dl kruskakli, 5 dl diverse grovt mel - og fyll på med fint mel til deigen ikkje lenger er altfor klissete! La heve halve dagen, bak ut, la etterheve og steik på 250 grader til dei er ferdige! Det blir akkurat nok til ein skuleklasse på ca 20 elevar (viss dei har anna å ete ved sida av!)
Det blei ikkje mykje til rest for å seie det slik...

God helg! ;-)
Knut Olav

No comments:

Post a Comment