Monday, January 9, 2017

Storybird

Me startar opp med å bruke Storybird på skulen, i arbeidstimar og som ekstraoppgåver.
Hovudårsaka er at elevane skal få øve seg i å lage historiar (på norsk), med hjelp av fine illustrasjonar frå gode kunstnarar - og såleis kunne konsentrere seg om sjølve skrivinga og historien dei lagar.


Utvalet av illustrasjonar og kunstnarar er stort!

Men her ligg det også eit "hav" av historiar og forteljingar (på engelsk), som elevane kan få prøve seg på. Ein kan sortere etter ulike aldrar og sjangrar, så for dei som vil bryne seg litt på engelsk er det mykje å velje i! ;-)

Eg kjem til å lage oppgåver elevene skal svare på i starten, men etterkvart vil dei som liker å jobbe på denne måten få litt meir frie tøyler til å velje friare kva dei vil skrive om!

Klikk på skjermbiletet og bli kjend med Storybird!

Knut Olav

No comments:

Post a Comment