Stemt -s i "is"!
Ikkje alle oss vaksne som hadde lærarar som var like nøye på dette, men no får me passe på at ungane våre lærer seg det rett! ;-)
Klikk på skjermbiletet og høyr britisk og amerikansk uttale om du er i tvil!
Knut Olav
Friday, February 24, 2017
Snowball multiplication
Klikk på skjermbiletet på skjermen - eller lenka her: http://www.multiplication.com/games/play/snowball-fight
Trykk "Play", vel gongetabell og start snøballkrigen!
Lukke til!
Knut Olav
Trykk "Play", vel gongetabell og start snøballkrigen!
Lukke til!
Knut Olav
Friday, February 17, 2017
Meir mat: Scones
No er det ikkje meininga å gjere Skolesaker til ein matblogg, men me har altså vore på skulekjøkkenet igjen, og denne gonga laga me scones ("skåns" - eller "skåons", klikk lenka om du er over gjennomsnittet interessert i språk).
Her er eit bilete av det ferdige resultatet på skulekjøkkenet, klikk på biletet (som og er ei lenke til opplysningskontoret for brød og korn) - der finn du oppskrifta til å lage "skåns" - eller "skåons" om du vil! ;-)
Så no er det berre å sleppe fjerdeklassingane til på kjøkkenet, sette seg tilbake, og få deilig, nybakt til frukost - eller lunsj! God apetitt! :-)

Friday, February 10, 2017
Bidos @ MatPrat
Fredag 10. februar avslutta me prosjektet om samane og samefolkets dag (som var måndag denne veka). Frå morgonen av køyrde me generalprøve på framsyninga, klokka ti hadde me framsyning for småskulen og dei føresette som hadde høve til å møte opp - og så avslutta me dagen med å lage festmiddag med bidos og grove rundstykke.
Oppskriften på bidos finn de ved å klikke på biletet, rundstykka kan de enkelt lage slik:
Bland 15-16 dl kaldt vatn, 5 gram gjær, 1 ss salt, 5 dl kruskakli, 5 dl diverse grovt mel - og fyll på med fint mel til deigen ikkje lenger er altfor klissete! La heve halve dagen, bak ut, la etterheve og steik på 250 grader til dei er ferdige! Det blir akkurat nok til ein skuleklasse på ca 20 elevar (viss dei har anna å ete ved sida av!)
Det blei ikkje mykje til rest for å seie det slik...
God helg! ;-)
Knut Olav
Subscribe to:
Posts (Atom)