Sunday, November 10, 2019

Range Arranger




Her skal du sortere stokkane slik at det minste talet ligg nedst og dei andre i stigande rekkefølge oppover! - Det er nok ikkje så lett å få få sortsert dei stokkane som du kanskje trur! ;-)
ko

Arrow Cards - visualisering av firesifra tal

I Arrow Cards kan du telje og sjå korleis tala både ser ut og kor mange einarar, tiarar, hundrarar og tusenar det består av!
Klikk på lenka og prøv det ut!
ko

Galaxy Pals to 20 - (lage summar opp til 20)

I dette spelet skal du sende drivstoff til romskipa som dalar ned mot romstasjonen.

Nummeret på "ladaren" pluss nummeret på romskipet skal bli lik verdien som står på bygningen til venstre i skjermbiletet. (Dette nummeret endrer seg ikkje før neste runde).

Døme: Det står 15 på bygningen, då må du skyte 5 mot romskipet med 10, sidan 5 + 10 er ein sum som har verdien 15!

Klikk på skjermbiletet og sett i gang spelet!
KO

Wednesday, November 6, 2019

Balanser skålvekta!



Skålvekta skal vere i balanse - da er verdien like stor på begge sidene!
Når du klikkar på biletet opnas ei ny fane, der skal du jobbe med oppgåvene under!

Oppgåver:

1. Slå to terningar og lag ein sum du skriv inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du lage ein annan sum med same verdi.
Skriv du rett balanserer vekta!
Viss ho ikkje balanserar må du prøve på ny!

Døme: Terningane viser 4 og 6 og du lager summen 4 + 6 og skriv i det raude feltet.
I det blå feltet kan du skrive 1 + 9, 2 + 8, 3 + 7 og fleire til!

2. Slå to terningar, la den eine representere tiarar og den andre einarar.
Skriv det tosifra talet inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du skrive talet på utvida form.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du veljer å la det bety 4 tiarar og 6 einarar og skriv 46.
Når du skal skrive denne verdien på utvida form blir det 40 + 6.

3. Slå to terningar, denne gongen skal du multiplisere terningane!
Gangestykket skriv du inn i det raude feltet. I det blå feltet skriv du gangestykket som gjentatt addisjon.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du skriv 4 * 6 i det raude feltet. I det blå feltet skriv du fire seksarar som gjentatt addisjon: 6 + 6 + 6 + 6

4. Lag din eigen oppgåve og løys oppgåver slik du sjølv vil!

Lykke til!
Knut Olav

Friday, September 20, 2019

Sunday, May 5, 2019

Billedbokhylla - Nasjonalbiblioteket

Treng du meir å lese? Er biblioteket stengt? Har du lest ut alle bøkene heime?

Nasjonalbiblioteket har samla fleire hundre biletbøker som du kan lese digitalt!


Klikk på biletet og finn ei bok du har lyst til å lese! :-)

Og viss dei vaksne har lyst til å leite etter ei bok dei har hatt lyst til å lese kan dei sjekke om ho kanskje er å finne her: Bokhylla - Nasjonalbiblioteket.

ko

Salto øverom


I Salto Øverom kan du gjere oppgåver til dei ulike bokstavane! :-)

Treng du vanskelegare oppgåver kan du prøve deg på Salto Øverom 2!
(Da klikker du berre på lenka rett over denne setninga!)
ko

Tuesday, April 30, 2019


Matematikkoppgåver på matematikk.org - 1.-4. klasse.

Klikk på skjermbiletet, vel klassetrinn, nivå, fart og rekneart!
ko

Monday, April 29, 2019

Creepy crawlies

I denne presentasjonen får du sjå bilete av nokre småkryp.
Du skal lytte og gjenta alt som blir sagt på engelsk!
Ta på deg headsettet og sett i gang!
Lykke til!

KO


Frosk, froskeegg og rumpetroll - 1. klasse Forsand skule april 2019



Her kan du sjå og høyre om korleis frosken får ungar! :-)
Ko

Friday, February 22, 2019

100 høgfrekvente ord

Me har ord som brukast ofte - og ord som brukast sjeldan - her kan du øve på å lese hundre av dei vanlegaste orda. - Gi deg sjølv god tid i starten - og så kan du auke farta etterkvart!


Presentasjonen er laga av Pål Monstad ved Pedagogisk Senter i Haugesund, og ligg tilgjengeleg fleire stader på nettet, mellom anna på Slideplayar, som biletet er lenka til!
Øv godt!
KO

Tuesday, February 12, 2019

10 monkeys - matematikkonkurranse på nett!


10 monkeys Math World.
Matematikkonkurransen varer frå 11. februar til 12. april (påska).

Viss du er elev i første klasse ved Forsand skule har du brukarnamn og passord og kan vere med i konkurransen på vekedagar (måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag) mellom 07.00 og 14.00.
Det betyr at du kan logge på heime dei korte og jobbe fram til klokka to viss du får lov av dei vaksne!
Men alle skal få prøve seg på skulen! :-)

Merk at det må stå JIQ foran brukarnamnet!
Jobb godt og lær mykje!

Klikk på biletet og logg deg på!
Knut O.

Mandalas online - print out or colour online


Klikk på biletet for å fargelegge mandalas online - eller skriv ut og fargelegg på papir! :-)

Wednesday, February 6, 2019

Thursday, January 31, 2019

Friday, January 4, 2019

Teikn ein bjørn!











Og her kjem eit par litt mer "tøysete" alternativ:









ABC- boka - forteljingar og oppgåver på nett

Gyldendal Undervisning har forteljingar og oppgåver til bokstavane på nettet:


Klikk på biletet for å komme til nettstaden. - Der kan du klikke på "Bokstavoppslag" og finne historier og oppgåver til kvar einskild bokstav - eller du kan klikke på "Oppgåver" og komme rett til dei!

Kos deg!
KO

Sudoku for kids

Sudoku er ein form for puslespel med tal: I dette sudokuet skal du plassere tala frå 1 til 4.
Dei fire tala skal plasserast i kvart av dei fire kvadrata (med ulike fargar), men og i kvar rad, slik at kvart tal ikkje står meir enn ein gong i kvar rad, loddrett og vassrett!
Klikk på biletet og prøv deg på eigenhand!
Lykke til!
Ko