Wednesday, November 6, 2019

Balanser skålvekta!



Skålvekta skal vere i balanse - da er verdien like stor på begge sidene!
Når du klikkar på biletet opnas ei ny fane, der skal du jobbe med oppgåvene under!

Oppgåver:

1. Slå to terningar og lag ein sum du skriv inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du lage ein annan sum med same verdi.
Skriv du rett balanserer vekta!
Viss ho ikkje balanserar må du prøve på ny!

Døme: Terningane viser 4 og 6 og du lager summen 4 + 6 og skriv i det raude feltet.
I det blå feltet kan du skrive 1 + 9, 2 + 8, 3 + 7 og fleire til!

2. Slå to terningar, la den eine representere tiarar og den andre einarar.
Skriv det tosifra talet inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du skrive talet på utvida form.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du veljer å la det bety 4 tiarar og 6 einarar og skriv 46.
Når du skal skrive denne verdien på utvida form blir det 40 + 6.

3. Slå to terningar, denne gongen skal du multiplisere terningane!
Gangestykket skriv du inn i det raude feltet. I det blå feltet skriv du gangestykket som gjentatt addisjon.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du skriv 4 * 6 i det raude feltet. I det blå feltet skriv du fire seksarar som gjentatt addisjon: 6 + 6 + 6 + 6

4. Lag din eigen oppgåve og løys oppgåver slik du sjølv vil!

Lykke til!
Knut Olav

No comments:

Post a Comment