Thursday, June 11, 2015
Moava - del og lær
Eg har tatt eit skjermbilete av forsida til Moava.
Her kan du finne oppgåver på mange nivå, og i mange fag.
Leit, test ut, del gode tips!
Kos deg!
Sunday, June 7, 2015
Ei lita innføring i korleis kome i gang med Khan Academy
Dette blogginnlegget er først og fremst til dei føresette i klassen min, men kan muligens vere nyttig for andre vaksne og.
Her kjem ein liten instruksjon for å kome i gang med Khan Academy. - Eg vil anbefale alle føresette å opprette foreldrekonto for å følgje med - men IKKJE legg til barnet ditt! (Viss du har gjeve meg beskjed om at de vil vere med å teste dette ut har eg alt laga brukarnamn og passord til barnet ditt).
Er du inne på foreldrekontoen må du logge av før barnet ditt får logge seg på.
Når de har latt eleven logge seg på Khan Academy med sitt brukarnamn og passord som dei har fått av meg, får de opp eit skjermbilete som liknar dette:
Klikk på Matematikk, "Grunnleggende matematikk". - Og de kjem til eit skjermbilete som ser omtrent slik ut:
Da kan de klikke på "Mestringsutfordring" og så er de i gang, eller de kan klikke på lenka ganske høgt oppe til høgre i skjermbiletet der det står "Se hele listen av Grunnleggende matematikk innhold".
Gjer de det kjem dette biletet opp, og de får ei lang liste over ferdigheiter i matematikk.
Klikk på "Å telle"...
Og nå kjem strukturen tydelegare fram: Her er emnet "Å telle" delt opp i delemne, og menyen de ser til høgre i skjermbiletet går steg for steg frå enkelt til vanskelegare. Nokre av punkta er videoar, andre er oppgåver. Sjå videoar, gjer oppgåver, få poeng - eller finn ut at dette er for enkelt - og scroll dykk vidare til meir utfordrande oppgåver. Kan hende de må gå tilbake eit hakk eller to for så å finne passe nivå! - Me skal undersøkje og under oss, lære og kjenne på frustrasjon, men når me kjenner at me begynner å finne ut av det - og me finn rett nivå for kvar einskild elev. - Ja, da kan me faktisk få brukt pc-ane i klasserommet mykje meir (og betre) enn det me har gjort så langt!
Her er eit døme på ein av videoane som ligg inne på sida.
Viss me gjer ein innsats i lag for å hjelpe kvarandre blir dette veldig bra!
Send meg spørsmål viss det er noko de ikkje finn ut av, eg har lært masse av spørsmåla eg har fått så langt.
Knut Olav
Saturday, June 6, 2015
Ekstra matematikkoppgåver - noko å kose seg med i ledige stunder! :-)
Viss det skulle vere nokre elevar som har lyst på rekneoppgåver i løpet av sommaren, så er det fort gjort å lage arbeidsark til dei ved hjelp av desse to nettsidene:
Multi oppgavegenerator

Du kan sjølv velje rekneart og talområde.
Math Worksheets

Her kan du og velje mellom ulike typar oppgåver og skrive ut arbeidsark.
Må vel berre tilføye at her er det stort sett snakk om ferdig oppsatte reknestykke, men av og til er det jo ganske kjekt å halde på med det og! :-)
Multi oppgavegenerator
Du kan sjølv velje rekneart og talområde.
Math Worksheets

Her kan du og velje mellom ulike typar oppgåver og skrive ut arbeidsark.
Må vel berre tilføye at her er det stort sett snakk om ferdig oppsatte reknestykke, men av og til er det jo ganske kjekt å halde på med det og! :-)
Thursday, June 4, 2015
Musikk - lytteoppgåver
På nettsida "Free Music Games" kan du gjere lytteoppgåver.
Vel ei oppgåve og prøv å finne rett svar!
Du kjem til oppgåvene ved å klikke på eit av bileta under:
Vel ei oppgåve og prøv å finne rett svar!
Du kjem til oppgåvene ved å klikke på eit av bileta under:
Kos deg! :-)
Thursday, March 26, 2015
Fleire matematikkspel
"Estimate" - øv på å finne rett tal på tallinja.
Klikk på biletet eller lenken i linja over.

"The wall" - bryt deg gjennom muren ved å løyse addisjonsoppgåver.
Klikk på biletet eller lenka i linja over.
"Caterpillar Ordering" - sett tala i rett rekkefølgje.
Klikk på biletet eller lenka i linja over.
"Chinese Dragon Game" - sett tala i rett rekkefølgje, - eller finn systemet i talrekkene!
Klikk på biletet eller lenka i linja over.
"Er du en matematisk magiker?" - Svar på 50 oppgåver på 2 og eit halvt minutt!!!
Vel nivå og oppgåvetypar.
Klikk på biletet eller lenka i linja over.
Monday, February 9, 2015
Symmetri, geometri og areal - spel online
Symmetri:
Areal/berekning:
Koordinatsystem:
Leik med former:
Klikk på biletet eller denne lenka: http://www.primaryresources.co.uk/online/reflection.swf
Velg "random" og spegl mønsteret.
Klikk på rutene du skal farge til dei har den rette fargen.
Klikk på rutene du skal farge til dei har den rette fargen.
Klikk på biletet eller denne lenka: http://www.kongregate.com/games/eldzhin/physics-symmetry-ii
Klikk på dei raude formene for å skape symmetri. Det er lett i byrjinga, men blir fort vanskelegare!
Areal/berekning:
Klikk på biletet eller denne lenka: https://www.matific.com/gb/en-gb?episode=AreaOfRectanglesSimple&language=en-gb®ion=GB
Dra fliser inn i rektangelet - eller berre gjett kor mange fliser du treng.
Koordinatsystem:
Billy Bug.
Klikk på biletet eller denne lenka: http://resources.oswego.org/games/BillyBug/bugcoord.html
Klikk på biletet eller denne lenka: http://resources.oswego.org/games/BillyBug/bugcoord.html
Flytt billene til rett sted i koordinatsystemet og trykk "Feed".
Klikk på biletet eller denne lenka: http://www.mathcats.com/explore/polygonplayground.html
Trekk formene ned på skjermen og lag mønster - eller lag eit symmetrisk bilete!
Thursday, January 15, 2015
Matematikkoppgåver talområdet 0-100
Her er nokre oppgåver du kan jobbe med for å øve på tala mellom 0 og 100:

1. Finn talet!

Finn talet så fort du kan i "100-blokka".
2. Finn talet + 10!

Finn talet + 10 så fort du kan i "100-blokka".
3. Hjelp hunden å finne beinet!

Her ser du ei "100-blokk" utan at tal, så du må sjølv finne ut kvar tala eigentleg står!
4. Pass deg for haien!

Sjå på hundrar-, tiar- og einarklossane og klikk på rett tal så ikkje haien glefsar i seg båten din!
1. Finn talet!
Finn talet så fort du kan i "100-blokka".
2. Finn talet + 10!
Finn talet + 10 så fort du kan i "100-blokka".
3. Hjelp hunden å finne beinet!
Her ser du ei "100-blokk" utan at tal, så du må sjølv finne ut kvar tala eigentleg står!
4. Pass deg for haien!
Sjå på hundrar-, tiar- og einarklossane og klikk på rett tal så ikkje haien glefsar i seg båten din!
Subscribe to:
Posts (Atom)







