Sunday, March 15, 2020

Multiplikasjon: 4-gongen


Viss du klikkar på biletet over, kjem du til ei nettside der du kan øve på 4-gongen.
Her er det mange fine oppgåver, men det du må passe på er at du scrollar deg nedover sida.

Først får du 4-gongen i rekkefølge og skal fylle inn svara.
Så må du knytt saman produkt og verdi.
Deretter kjem multiplikasjonsstykka "hulter til bulter".
Til sist kjem ei oppgåve der du les produktet og må velje rett verdi!

Under her kjem små skjermbilete av resten av nettsida:

            

            

Lykke til!
Øv på 4-gongen og lær utanat!

Knut Olav









Thursday, January 23, 2020

Utforske geometriske figurar

Du skal bruke eit program som heiter GeoGebra.
I GeoGebra kan du teikne og undersøke geometriske figurar.
I starten kan det vere du synest det er vanskeleg, men etterkvart vil du oppdage at du finn ut av det!
Og du skal få hjelp! :-)

Før du begynner skal du sørge for at skjermbiletet ditt ser ut slik som bildet under teksten her!
Viss du ikkje har ruter klikkar du på den lille "stjerna" oppe til høgre og "hukkar av" for:

1) Vis rutenett, 2) Hoved- og underrutenett.

Viss du ikkje ser feltet til venstre, men berre har ei blå stripe, klikkar du på den lille kvite pila nedst på stripa, så opnar feltet seg.

Så er du klar til å begynne.

Det første du kan gjere er å velje:

"Nytt punkt": Merk av nokre punkt i rutenettet.
"Linjestykke mellom to punkt": lag linjestykke mellom punkta.

Kva for nokre geometriske figurar klarer du å lage?

Sjå idear under biletet viss du treng tips! ;-)



Prøv å lage:
Trekantar:
- rettvinkla trekant
- likebeint trekant
- likesida trekant

Firkantar:
- kvadrat
- rektangel
- rombe
- parallellogram
- trapes
- drake

Mangekantar:
- femkant
- sekskant
- sjukant

Ein annan ting du kan prøve på er å lage ein trekant eller firkant og trekke i ei av sidene og se kva som skjer! - Og kva skjer om du prøver å trekke i eine  hjørnet! - Prøv deg fram, eksperimenter, og spør viss du er usikker eller står fast!

Lykke til!
Knut Olav

Sunday, November 10, 2019

Range Arranger




Her skal du sortere stokkane slik at det minste talet ligg nedst og dei andre i stigande rekkefølge oppover! - Det er nok ikkje så lett å få få sortsert dei stokkane som du kanskje trur! ;-)
ko

Arrow Cards - visualisering av firesifra tal

I Arrow Cards kan du telje og sjå korleis tala både ser ut og kor mange einarar, tiarar, hundrarar og tusenar det består av!
Klikk på lenka og prøv det ut!
ko

Galaxy Pals to 20 - (lage summar opp til 20)

I dette spelet skal du sende drivstoff til romskipa som dalar ned mot romstasjonen.

Nummeret på "ladaren" pluss nummeret på romskipet skal bli lik verdien som står på bygningen til venstre i skjermbiletet. (Dette nummeret endrer seg ikkje før neste runde).

Døme: Det står 15 på bygningen, då må du skyte 5 mot romskipet med 10, sidan 5 + 10 er ein sum som har verdien 15!

Klikk på skjermbiletet og sett i gang spelet!
KO

Wednesday, November 6, 2019

Balanser skålvekta!



Skålvekta skal vere i balanse - da er verdien like stor på begge sidene!
Når du klikkar på biletet opnas ei ny fane, der skal du jobbe med oppgåvene under!

Oppgåver:

1. Slå to terningar og lag ein sum du skriv inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du lage ein annan sum med same verdi.
Skriv du rett balanserer vekta!
Viss ho ikkje balanserar må du prøve på ny!

Døme: Terningane viser 4 og 6 og du lager summen 4 + 6 og skriv i det raude feltet.
I det blå feltet kan du skrive 1 + 9, 2 + 8, 3 + 7 og fleire til!

2. Slå to terningar, la den eine representere tiarar og den andre einarar.
Skriv det tosifra talet inn på den raude sida av vekta.
På den andre sida skal du skrive talet på utvida form.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du veljer å la det bety 4 tiarar og 6 einarar og skriv 46.
Når du skal skrive denne verdien på utvida form blir det 40 + 6.

3. Slå to terningar, denne gongen skal du multiplisere terningane!
Gangestykket skriv du inn i det raude feltet. I det blå feltet skriv du gangestykket som gjentatt addisjon.

Døme: Terningane viser 4 og 6, du skriv 4 * 6 i det raude feltet. I det blå feltet skriv du fire seksarar som gjentatt addisjon: 6 + 6 + 6 + 6

4. Lag din eigen oppgåve og løys oppgåver slik du sjølv vil!

Lykke til!
Knut Olav

Friday, September 20, 2019